Utstilling
Innholdet i denne artiklen er ikke redaksjonelt

Historie og Identitet i eit mytisk landskap.

Fotograf Ingerid Jordal og Norsk Vasskraf-og Industristadmuseum ynskjer alle velkomne til opninga av fotoutstillinga 'Gutterom' 2. juli kl. 14.00 i NVIM sitt museumsbygg i Tyssedal, Hardanger.
Dette prosjektet tar utgangspunkt i rallaren, som har vorten eit ikon for industrialiseringa av Norge og ein av dei direkte årsakene til utviklinga av det moderne samfunnet slik me ser det I dag. I staden for å fokusere på kva rallaren produserte, har desse fotografia tatt føre seg buplassen hans- som var brakker, steinheller og holer nœre arbeidsplassen- og brukt dei som kulisser for fotografier.

Dei få eksisterande restane av rallarens buplassar har no vorte ei scene for forskjellige moderne objekt, som er funne, mista, eller plassert. Mange av objekta har til felles at dei er henta frå hus og rom som er bebudd av unge menn eller gutar, som skapar ein direkte link til fortidas gutterom.

Bileta er langt ifrå ei antropologisk utforsking, og kan lett sjåast som tilfeldige utsnitt av natur, der ljos og skugge spelar ei viktig rolle for å forsterke eit mytisk uttrykk som kan lesast på uendelig mange måtar.

Utstillinga består forutan fargefotografier av eit tilhøyrande ljosbileteinstallasjon med musikk, som bidreg med ei kjensle av modernitet, rørsle og intensitet.

Utstillinga heng ut sommaren.
Ingerid Jordal 2005 -
Ingerid Jordal 2005
Ingerid Jordal 2005 -
Ingerid Jordal 2005

mer info Mer info:
Varsle Foto.no
Som innlogget kan du kommentere artikler.
Artikkelkommentarer
Ingen har kommentert denne artikkelen enda
Eller kommenter via Facebook:
Åpne uskalert versjon i eget vindu